Barn i bygda | Ryfylkemuseet2018-01-23T12:00:10+00:00

Project Description

BARN I BYGDA

Prosjekt:

BARN I BYGDA

Ansvarlig organisasjon:

RYFYLKEMUSEET

Hjemmeside

Kontaktperson:

ANETTE OPHEIM

Kontaktinformasjon

Barn i bygda er eit dialogprosjekt der ein skal søkje å forstå barn sine oppvekstvilkår og barneoppseding i eit fleirkulturelt bygdesamfunn. Ryfylkemuseet tenkjer at auka kunnskap i samfunnet om ulike måtar å forstå barndom og barneoppseding vil betra integreringsprosessen av innvandrarfamiliar.

Bakgrunn

Ryfylkemuseet har like sidan flyktningstraumen frå Bosnia‐Herzegovina nådde Ryfylke midt på 1990‐talet vore engasjert i utviklinga av det kulturelle mangfaldet i bygdene. Me har gjennomført dokumentasjonsprosjekt, formidlingstiltak av ulike slag, arrangert seminar, deltatt aktivt i integreringsarbeid gjennom inntak av praktikantar og tilsetting av innvandrarar, drive ein «internasjonal kafé» i 12 år, og utvikla museet til ein møteplass og dialoginstitusjon.

Me trur at museet, gjennom 20 års engasjement i integreringsarbeidet, har ein tillit som kan gjera det mogleg å få fram kunnskap om barns oppvekstvilkår, og ulike syn på barneoppseding, og derifrå invitere til dialog.

Me tenkjer dessutan at innvandringa har ulike vilkår i by‐ og bygdesamfunn. Lenge var innvandringa mindre i bygdene, men med aukande behov for busetting av flyktningar og asylsøkarar, er andelen innvandrarar i bygdene sterkt aukande. Bygdene har andre føresetnadar for integrering, både på godt og vondt.

Tema:

Gjennomføring
Feltarbeidet vil gå føre seg gjennom intervju og observasjon av barnefamiliar med ulik kulturell bakgrunn i Ryfylke, deriblant etnisk norske familiar. For å få forståing for forskjellar og likskaper mellom ulike kulturar og miljø, er det viktig at me også får innblikk i normer og tradisjonar som etnisk norske barn og foreldre er prega av. Me kjem også til å intervjue tilsette i offentlege institusjonar som forholde seg til barn og familiar, til dømes helsevesen, barnevern, introduksjonsteneste, skule og barnehage.

Prosjektet vil ha eit kulturhistorisk utgangspunkt der me skal søkja å dokumentere og forstå dei holdningane og handlingane me kan observera eller bli fortalt om.

Formidling
Formidlinga av resultata trur me i stor grad bør vera direkte og munnleg, altså gjennom ein dialog med dei det gjeld, både undervegs i prosjektet, og når me til slutt konkluderer og avsluttar prosjektet. Me ser det i tillegg som både nødvendig og viktig å utarbeide ein rapport om prosjektet som gjer resultata offentleg tilgjengelege så langt det er forenelig med den teieplikta me vil komma til å møte.

Det må òg gjennomførast tiltak for allmenn formidling av resultata så langt det er muleg innafor etiske rammer, til dømes gjennom ei utstilling. Resultata vil òg gi grunnlag for museet si deltaking i det offentlege ordskiftet om korleis me løyser innvandringsutfordringane i bygdesamfunnet, og særlig i forhold til ungane.

 

Status august 2016:
Prosjektet er i etableringsfasen. Me arbeider med detaljplanlegginga, og er i ferd med å ta kontakt med aktuelle informantar.

Tekst og illustrasjoner er gjengitt med tillatelse fra Ryfylkesmuseet.